Vi utfører alt innan
trykksaker, skilt
og reklame!

Kontakt oss idag for eit tilbod

Bildekor

Den største reklameplakaten som du kan ha, køyrer du rundt i sjølv. Ein arbeidsbil er som eit blankt lerret å rekne når det kjem til dekor. Om ein legg litt innsats og kreativitet i prosjektet, kan sluttresultatet bli som eit smykke på bilen. ARO Skilt & Reklame kan levere alt frå små merker til bruk på vindauger og bildører, til større og meir komplekse dekorjobbar.

Reklameskilt

Eit reklameskilt kan vere så mangt. Nokon ynskjer berre eit firmanamn, andre vil ha meir informasjon med på skiltet. Det meste er mogleg å få til. Reklameskilt kan ein få i alle storleikar, med eller utan laminering.

Trykksaker

ARO Skilt & Reklame kan levere det meste av trykksaker. Flygeblad, hefter, brosjyrer, visittkort, plakatar, postkort, julekort, kalendrar, klebemerker… Lista er lang, og det er berre fantasien som set ein stoppar for den.

Rollup

RollUp er ein utruleg hendig sak for å profilere ditt firma, klubb, idrettslag osv. Lettvint å sette opp, og snerte å ta med seg. Vert levert i ei praktisk bereveske. Om ein har ferdige trykkfiler kan ein i “verste fall” få levert ein ferdig rollup over natta.